Nabogrenser
Grensene mellom eiendommene kan deles inn i tre; grenser på land, i vassdrag og i sjøen. For grensene i vassdrag er det mange lovfestede regler, som vil kunne anvendes analogisk ved fastsettelse av grenser i sjøen. Ved grensefastsettelse er det i alle tilfeller tale om å treffe konkrete avgjørelser ut fra det foreliggende bevismaterialet, jf. tvisteloven § 21-2. Grensene kan enten være kunstige eller naturlige. Kunstige grenser kan være fastsatt i hjemmelsdokumenter, skylddelinger og lignende eller følge av bruk i hevdstid, jf. NOU 1988:16 side 68:
”Grenser mellom eigedomar fylgjer ikkje av allmenne rettsreglar, men byggjer i kvart einskild tilfelle på konkrete rettsakter som slår fast kor grensa skal gå mellom eigedomar, eller på festna rettstilstand, alders tids bruk eller hevd. Grensa mellom eigedomane må avgjerast ved ei tolking av det rettslege grunnlaget som ligg føre i kvart einskild tilfelle. I utgangspunktet vil dette skje ut frå vanlege tolkingsreglar, men som det går fram s. 19 ff. ovanfor, har det også utvikla seg særlege tolkingsreglar for fast eigedom”.
Grensefastsetting må alltid tolkes på bakgrunn av avtaledokumenter, grensebeskrivelser, grensemerker og forholdene på stedet som toppgrafiske forhold og faktisk bruk, jf. NOU 1988:16 side 20:
”Der det ligg føre ei uttrykkeleg fastsetjing av grensa, eller det i alle høve er visse teikn på at grensene har vore fastsette ved ein bestemt disposisjon, vert det eit tolkingsspørsmål å avgjera kor grensa går. Normalt vil det vera tale om skriftleg materiale, men det kan også vera aktuelt med tolking av munnleg avtale om eigedomsgrense. Der ein berre har munnlege utsagn, vil likevel spørsmålet i de fleste tilfelle meir vera å slå fast kva som vart sagt, enn ei tolking av dette. I tillegg til den skriftlege nedteikninga av grensa, vil det ofte vera sett ut grensemerke i marka som skal syna kor grensa går, eller grensa kan vera avmerka på kart. Alt dette er relevante moment ved avgjerda av kor grensa er lagt, men utgangspunktet for tolkinga må vera å slå fast kva som framgår av sjølve teksten. Deretter må dette samanhaldast med andre opplysningar i saka, grensemerke m.m. I tilfelle av motstrid mellom teksten og grensemerka oppstår spørsmålet om kva som skal tilleggjast størst vekt, sjå s. 23 nedanfor. Tolkinga må skje i samsvar med allmenne prinsipp for tolking av den type utsagn det er tale om (avtale, jordskifte, dom m.m.). Tolkinga av ei grensefastsetjing er også svært konkret og må byggja på teksten og tilhøva elles i kvar einskild sak. I praksis har det utvikla seg visse retningsliner både for korleis ulike former for grenseskildring skal oppfattast og for kva bruk ein skal leggja vekt på som relevant ved grensedraging. Til dels operar ein også med ymse tolkingspresumsjonar, som det stundom skal nokså mykje til for å fråvika. Ein skal her ta opp nokre av dei retningslinene og prinsippa som har utvikla seg i praksis”.
Om forholdene mellom grensemerker og hvor grensen virkelig går ble det uttalt følgende i NOU 1988:16 side 23:
”I praksis vil ein ofte ha god støtte i nedsette grensemerke når ein skal finna fram til kor grensa går. Den skriftlege framstillinga av grensa er svært ofte berre ei framstilling av kor grensemerka kan finnast. I blant er det nok vanskeleg å lokalisera grensemerka, men dette er eit faktisk provsspørsmål som ein må ta stilling til i kvart einskild tilfelle. Eit problem som også reiser rettslege spørsmål er at det ikkje alltid er samsvar mellom det som framgår av den skriftlege framstillinga og eventuelle kart og avmerkinga i terrenget. Spørsmålet er då kva ein skal leggja mest vekt på. Skal ein byggja på grensemerka, kartet eller på det skriftlege materialet? I norsk rett har ein hatt som hovudregel at det er merka i terrenget som er avgjerande dersom det er motstrid mellom desse og det skriftlege materialet. Bakgrunnen for dette er at ein har sett på avmerkinga i marka som den eigentlege grensefastsetjinga. Ved skyldsetjing og jordskifte var praksis helst at partane og skylddelingsmennene eller jordskifteretten fyrst gjekk opp grensa og målte og merka den. Nedskrivinga av kor grensa gjekk skjedde oftast etterpå, som ei skildring av den grensa ein hadde fastsett, og som ei hjelperåd til å finna grensemerka, jf. Nygard; Ting og rettar s. 119-120. Sjå også Falkanger: Tingsrettslige arbeider s. 42 note 78. Bakgrunnen for regelen har truleg vore at partane oftast vil ha klårt for seg kor dei meiner grensa skal gå i terrenget og vil reagera dersom merka vert sett ein annan stad”.