Vilkår om god tro
Dette vilkåret gjelder uavhengig av om man hevder bruksrett eller eiendomsrett. Hevderen må være i god tro om at han har rett til bruken. Den som vet han ”ikkje eig tingen, hevdar ikkje”, jf. hevdsloven § 4 første ledd. Man kan heller ikke hevde dersom man ikke har vært så aktsom som man etter forholdene burde ha vært, jf. hevdsloven § 4 første ledd annet punktum. Dersom man burde ha undersøkt hvorvidt man faktisk hadde den retten man trodde, vil man ikke være i god tro. Dette kan ved at man får høre at jordstykket eies av en annen eller andre forhold som gir grunn til å undersøke nærmere.
En nærmere gjennomgang er gitt i NUT 1961:1 side 11:
”Kva krava til god tru nærare går ut på, lyt retta seg noko etter omstenda i det einskilde tilfellet. Hovudsaka er at hevdaren har bore seg forsvarleg og heiderleg åt. Den som beint fram veit at han vantar rett, kan ikkje vinna hevd. Dette synest tolleg sjølvsagt. Særleg er det tilfelle når han og veit kven som har retten. Men det gjeld liksåvel om han ikkje veit det. Den som har teke til seg ting som ein annan har misst, kan såleis ikkje vinna hevd på dei, og det gjeld liksåvel om han har prøvt så godt han kunne å finna rette eigaren. Heller ikkje hjelper det om han trur han kan hevda i slike tilfelle.
Det fremgår av forarbeidene til hevdsloven at hevd ikke kan skje dersom en alminnelig fornuftig person ville forstått at noe var galt. Det er ikke tilstrekkelig at hevderen var i god tro, men han må også ha opptrådt aktsomt. Ved kravet til aktsomhet stilles normalt krav om at hevderen på et eller annet tidspunkt har undersøkt tinglyste opplysninger rundt grunnforholdene. God tro presumeres, men hevderen må ha et skikkelig grunnlag for sin rådighet. Påberoper hevderen et grunnlag for sin rådighet som burde vært nærmere undersøkt, vil kravet til god tro ikke være oppfylt om han ville funnet ut av det rette eierforholdet ved undersøkelsen. Dersom en undersøkelse av hjemmelsdokumenter eller grunnboken ville ha vært resultatløs, vil det normalt ikke ha noen betydning at den ikke ble foretatt. Ofte sier man derfor at kravet for å hevde er aktsom god tro, jf. NUT 1961:1 s. 11
”Etter tilhøva må det heller ikkje vera særleg grunn til å klandra hevdaren for at han er ukjend med rette samanhengen. Den gode trua lyt byggja på eit orsakande mistak. Det er på det reine at han ikkje treng ha fest lit til ein formelt lovleg heimel. Men gjeld det fast eigedom eller anna som kjem inn under tinglysing eller liknande registrering, kan det vera grunn til å nekta hevd når han kunne og burde ha fått opplysningar om rette samanhengen med å røkja etter i registra. I ein dom i Rt-1952-1007 er såleis gått ut ififå at ein overrettssakførar ikkje kunne seiast å vera i aktsam god tru når det galdt grensene for ein eigedom han hadde vore med på å kjøpa, m.a. av di han utan særlege vanskar kunne ha fått tak i den opphavlege grensefastsetjinga i eit tinglyst amtsskøyte (skøyte frå amtmannen på vegner av staten) frå 1781. Spørsmålet er og drøft i ein dom i Rt-1906-414 om frihevd på ein gammal hogstrett som ikkje hadde vore bruka på 34 år. Det var heller ikkje opplysningar om retten på pantebokbladet for den eigedomen som retten hefte på, og eigaren kunne halda seg til det som sto der utan å søkja opplysningar på pantebokbladet for rettshavareigedomen og. I ein dom i Rt-1918-515 var det spørsmål om ein hogstrett som var lovleg tinglyst, men som det var forsømt å gjera merknad om på eit skøytebrev frå 1880, hadde falle bort i frihevd. I dommen er sagt at det ikkje var aktlaust å lita på panteattest eller skøytemerknader utan å gjera personlege etterrøkingar i tinglysingsbøkene, når merknadene ikkje gav særleg grunn til det. Når retten ikkje var bruka i 20 år, fall han difor bort. Jfr. og dommar i Rt-1843-195 og Rt-1873-463. Avgjerande er såleis om det er gjort slike etterrøkingar som det er rimeleg å krevja. Dette gjeld når der kunne vera noko å finna. Er der ikkje det, kan ein snautt setja noko krav om etterrøkingar i det heile. Eit særskilt spørsmål er om ein kan hevda når den gode trua botnar i eit mistak om korleis rettsreglane er”.
Eksempel fra rettspraksis Rt. 2000 s.604 (Kjeldsberg): ”Spørsmålet er så om [C] var i aktsam god tru ved ikkje å kontrollere grensene for tomta opp mot dei tinglyste dokumenta … Etter mitt syn var det ikkje nokon grunn for Valeur til å måle opp grensene. Han tok over ein etablert eigedom som hadde vore gjerda inn av den tidlegare eigaren. Etter mitt syn kan det i ein slik situasjon ikkje setjast opp noko krav om at kjøparen må kontrollmåle grensene i marka mot skylddelingsforretning eller målebrev, med mindre det kjem til særlege omstende som gir kjøparen grunn til å ha mistanke om at gjerdet er plassert feil.” Det ble senere holdt en delingsforretning for et tilleggsareal C hadde kjøpt. Et kartvedlegge som viste den rette grense fulgte med delingsbegjæringen. Høyesterett la til grunn at kartvedlegget ”var framme under arbeidet på staden, slik at Valeur då vart kjend med eller i alle høve burde vere kjend med det rette tilhøvet. Valeur var då ikkje lenger i aktsam god tru, og han kunne ikkje lenger hevde.”
Hevderen må ha vært i god tro gjennom hele hevdstiden. Dersom hevderen etter syv år får et dokument som sier at han ikke har den retten han trodde, vil han ikke lenger være i god tro. Aktsom rettsvillfarelse kan danne grunnlag for god tro. Falkanger har analysert rettspraksis i hevdstilfeller og han kom frem til at ”Jeg har ikke funnet noen dommer som vender tommelen ned for hevd, fordi en aktsom god tro har vært tuftet på rettsvillfarelse”. Det er på det rene at rettsvillfarelse om hevdsreglene ikke fører til noen hevd. Har vedkommende trodd at det var tilstrekkelig å ha hatt tingen som sin egen i 20 år, men ikke vært i god tro vil ikke vilkårene være oppfylt, selv om vedkommende ikke visste om vilkåret til god tro.
Hvor fleres hevdstid legges sammen for å oppnå den nødvendige hevdstid, må alle i hevdskjeden ha vært i god tro. Har det skjedd en eiendomsoverføring for eksempel ved arv, er må altså begge ha vært i god tro dersom hevdstiden skal legges sammen. Dersom en far hugger i en skog for å hevne seg på naboen, kan ikke den tiden han har hugget regnes med i hevdstiden. Hevdstiden vil da regnes fra det tidspunkt sønnen har tatt over bruken, så lenge han var i god tro om at faren egentlig hadde hogstrett.
Hvor det er benyttet hjelpere, er utgangspunktet at hovedmannen må være i god tro. En hjelper kan ha fått en slik status ved lov, uttrykkelig avtale eller stilltiende avtale. Hjelperens onde tro kan komme hevderen til skade hvor hjelperen ”styrer med tingen”, jf. hevdsloven § 4 annet ledd. Forarbeidene forklarer dette nærmere. For det første må tingen i så fall ha hørt inn under hjelperens arbeids- og ansvarsområde. Et eksempel på dette kan være at en verge kjenner til at en umyndig for selververvede midler kjøper noe som egentlig er stjålet. For det annet må hjelpeforholdet være varig. Ond tro hos en advokat som bistår i et salg, vil ikke få betydning. Men er denne advokaten heverens faste advokat, vil dette kunne føre til at den onde troen må få betydning. For det tredje må hjelperen ”iallfall noko på veg vera sjølvstendig”. For eksempel vil det i et aksjeselskap kreves at styremedlemmene og dagligleder er i god tro, mens aksjonærenes oppfatning i alminnelighet ikke får noen betydning. Har hevderen leid ut tingen, som en annen utnytter for egen regning, vil ikke dennes onde tro få noen betydning da man er utenfor hjelperbegrepet. I faste fullmakts- og andre faste representasjonshøve lyt ein i regelen krevja god tru hjå både, hovudmannen og fullmektigen. Såleis kan ein umyndig ikkje vinna hevd når verja er i vond tru (jfr. Rt-1904-56).
Selv om tilegningen har skjedd objektivt i strid med loven, kan man likevel i unntakstilfeller hevde rett i samsvar med tilegningen, dersom man subjektivt var i god tro, og det finnes en del eksempler fra gammel rettspraksis på det, jf. NUT 1961:1 side 11 og 12:
”Men spørsmålet står noko annleis der det ikkje gjeld avgrensingar i sjølve hevdsreglane. Den som t.d. har gjort ei ulovleg tileigning i god tru, kan likevel i somme tilfelle vinna hevd i samsvar med tileigninga. Ein skjåkvaering hadde lagt inn eit allmenningsstykke i den tru at det var fritt for kven som helst å rydja og setja bu i allmenning. Endå dette var klårt i strid med allmenningsreglane (jfr. NL 3-12-4), fekk han medhald i å ha hevda stykket til full eigedom (Rt-1875-108). Ein annan dom gav medhald til hevd på rett til damfloting i den tru at kven som helst hadde fritt høve til slik floting, endå om elva etter naturhøva var uskikka til floting (Rt-1902-420). Spørsmålet er her som elles om mistaket er orsakande og det ligg vekt både på personlege og andre omstende. For ein skogfut ved Rørosverket var det såleis ikkje orsakande å tru at han fritt kunne rydja seg ein plass i allmenningen (Rt-1908-492). Den gode trua lyt vera der heile tida. Det er såleis ikkje nok at ho er der frå fyrst av dersom mistaket vert oppklara før hevda er fullførd. Men i så fall kan det vera grunn til å krevja at det er ei verkeleg oppklaring. Det treng såleis ikkje vera avgjerande om det er sått ein mistanke eller reist ei skulding eller eit krav. Til døme kan nemnast eit tilfelle som nyleg var for domstolane: Frå 1925 hadde ein småbrukar i Hosanger drive ein liten slipp med verkstad i ei vik i utmarka. Retteleg høyrde denne vika til den sams utmarka på garden, men i 1902 då småbruket vart utskilt, hadde dei gått ut ifrå noko anna. Ei tid hadde det vore noko strid om slippen, og ein av eigarane på garden hadde meldt småbrukaren til politiet m.a. for bygging på framand grunn. Heradsretten var i tvil, men kom til at den gode trua heldt likevel. Side 12
Dommen vart samrøystes stadfest både i lagmannsretten og i Høgsteretten (Rt-1955-304). På den andre sida er det naudsynleg at den gode trua er der frå fyrst av. Den som opphavleg visste rette samanhengen, kan ikkje hevda berre fordi han seinare gløymer det bort. Noko anna er det når omstende som kjem til seinare, gjev grunn til å tru annleis enn før. Stundom kan det at ei tid har gått utan at det har kome motmæle frå nokon, i seg sjølv gje rimeleg grunn til å rekna med at alt er i orden. Her kan og nemnast ein etter måten ny høgsterettsdom. To systrer hadde kjøpt ein gammal husmannsplass i lag i 1905 til heim for seg og brorsonen som dei hadde teke til seg. Den eine døydde i 1913 utan testament, men på sitt siste hadde ho sagt frå at brorsonen skulle ha hennar part i eigedomen. Då dette vart opplyst, gjorde ikkje skifteretten noko med buet. Brorsonen dreiv eigedomen saman med den andre farsyster si til ho fall ifrå, og i testamentet etter henne fekk han den andre halvparten i eigedomen og. Fyrst i 1946 då han ville ha den formelle heimelen til eigedomen i orden, protesterte dei andre arvingane og gjorde krav på arven etter den av systrene som døydde fyrst. Men dei fekk ikkje medhald. Brorsonen hadde hevda rett til eigedomen. Rett nok hadde han vore på det reine med at det ikkje var lovleg testament, men etter som åra gjekk, låg det nær å rekna med at arvingane godkjende tilhøvet. I alt hadde det gått 33 år før dei sa ifrå, og iallfall dei 20 siste åra laut han reknast for å ha vore i god tru (Rt-1951-135).Når meir enn ein har hatt med tingen å gjera, spørst det om alle eller i tilfelle kven og kor mange som lyt fylla krava til god tru. Dette og lyt langt på veg avgjerast etter tilhøva i det einskilde tilfellet. I faste fullmakts- og andre faste representasjonshøve lyt ein i regelen krevja god tru hjå både, hovudmannen og fullmektigen. Såleis kan ein umyndig ikkje vinna hevd når verja er i vond tru (jfr. Rt-1904-56). I dommen i Rt-1952-1007 (jfr. side 11 ovanfor) er det likeins lagt avgjerande vekt på at ein sakførar som hjelpte eit gruveselskap med konsesjonssøknader o. a. som trongst i samband med eit eigedomskjøp i Finnmark, ikkje var i aktsam god tru. Men i den siste av dommane ovanfor er det særskilt peika på at den sakføraren som ordna kjøpet saman med disponenten og medlemer i styret for selskapet, samstundes og var direktør i eit dotterselskap. I selskapshøve lyt ein i det minste krevja god tru av dei som er med i styret til kvar tid, og av tenestefolk o. a. som særleg har med tingen å gjera. Derimot er det i regelen ikkje grunn til å leggja avgjerande vekt på om nokon av aksjonærane eller innskytarane elles skulle ha eller få kjennskap til rette samanhengen. For offentlege institusjonar gjeld stort sett det same: Den øvste styringa og dei som særleg har med tingen å gjera, lyt fylla kravet til god tru. Såleis lyt ein krevja god tru hjå dei som har den daglege leiinga i den administrasjonsgreina det gjeld. I ein dom i Rt-1955-804 om retten til eit jordstykke som vaktmeisteren på hjelpefengselet i Kongsvinger hadde bruka til potet- og grønsakåker i lange tider, vart det såleis lagt avgjerande vekt på at tenestemennene i fengselsstyret ikkje kunne vera i aktsam god tru. I dommen som var samrøystes, heiter det m.a.: « Jeg legger nemlig til grunn at fengselsstyrets vedkommende var eller burde være kjent med grunnstykkets rettsforhold, slik som av meg fremstillet, og at det derfor mangler et hevdsvilkår. » I ein dom i Rt-1912-570 om rett til avlaup for ein kloakk frå militærlægeret på Gardermoen heldt mindretalet fram at det « ikke godt kan være tale om hævd af en servitut over naboeiendom i et tilfælde som dette, hvor det er fuldt paa det rene, at brugsutøveren (dei militære ans var sha vårane) ikke har havt nogen tro paa at have en særlig ret over vedkommende naboeiendom. » Når det ikkje er grunn til å gå ut frå noko anna, lyt ein rekna med at ein hevdar er i god tru, for han på si side kan vanskeleg føra noko fullgodt prov for at han ikkje har hatt kjennskap til den verkelege samanhengen (jfr. Rt-1917-273, Rt-1907-149 og Rt-1900-438)”.