Vilkåret om rådighet

Det fremgår av hevdsloven § 7 at den som bruker eller har tingen som om han var bruksrettshaver, hevder bruksrett. Dette gjelder uavhengig av om det er snakk om en total eller partiell bruksrett. Dersom hevderen mener han hadde enerett til vedkommende bruk, må bruken ha vært eksklusiv for at hevd skal kunne skje. Bruken må videre ha vært utøvet med en viss intensitet gjennom hevdsperioden, kortvarige opphold kan være akseptable. Bruken skal være synbar ved ”ei fast tilstelling”, jf. hevdsloven § 8.

En nærmere beskrivelse av kravet til synbarhet for bruken er gitt i I NUT 1961:1 side 8:

”Tilstellinga lyt i det minste visa seg sjølv, om ikkje på annan måte så iallfall av verknadene. Rettspraksis har etter det ein kan sjå ikkje sett store krav til at sjølve tilstellinga skal vera synleg. Frå praksis kan her nemnast eit døme: Det galdt ein underjordisk kloakk med firkanta, steinsette kumopningar med jarnlok. Kommunen hadde lagt kloakken utan å få tinglyst heimelen til det, og ein kjøpar som ikkje visste noko om det heile, kravde at kloakken skulle takast bort. Høgsteretten meinte at kloakkkummane var brukstilstellingar gode nok til at det var hevd på retten endå kumopningen på eigedomen var neddyngd i mursteinsgrus og snø på den tid då kjøpet gjekk føre seg. « Loven kræver ingenlunde efter sin Ordlyd at en saadan Indretning til enhver Tid og af hvem som helst skal kunne observeres », heiter det i grunngjevinga for dommen (Rt-1903-244). Heller ikkje krevst det at tilstellinga er på den eigedomen som bruken gjeld eller er synleg derifrå. Såleis kan ein veiteopning gje grunnlag for hevd på ein avlaupsrett over ein granneeigedom (Rt-1912-570) og ein flotingsdam gje grunnlag for hevd på rett til å regulera vassføringa med verknad for eigedomane nedetter langs heile vassdraget (Rt-1902-420). Kravet er at det skal vera ei særskild tilstelling for bruken skuld. Slikt som er der frå naturen si hand er ikkje nok. Heller ikkje slikt som er ei beinveges følgje av bruken, t.d. ein opptrakka gangsti som så å seia har laga seg sjølv. Det same lyt gjelda slikt som eigaren sjølv har laga til for sin eigen bruk på eigedomen. Derimot kan ein snautt krevja at tilstellinga skal vera laga særskilt for den bruken det gjeld, endå om ordlyden i lova helst peikar i den lei. Taket på eit hus t.d. skal fyrst og fremst vera til å halda regn og snø ute, men står huset så nær at takdropet fell ned på granneeigedom, kan det gje grunnlag for hevd på ein takfallsrett. Avgjerande må vera om det er så nær samanheng at ein kan seia bruken viser seg av tilstellinga. Dette er eit skjønsspørsmål som lyt avgjerast etter tilhøva i det einskilde tilfellet. Frå rettspraksis kan nemnast at Høgsteretten i eit tilfelle har gått ut ifrå at ei båtstø viste seg av dei faste lunnane på ein slik måte at retten kunne hevdast (Rt-1883-138). Ei fjellhytte til å bu i var ikkje nok til at det kunne hevdast jaktrett (Rt-1911-904). Vanlege stølshus derimot var nok til at det kunne hevdast rett til beite i området (byrettsdom i Rt-1914-72). Men stølshus var derimot ikkje nok til hevd på rett til beite særskilt med geit (Rt-1917-97). Etter lova skal tilstellinga vera stendig (« stadig »). Tilstellingar som skifter for det einskilde høvet, er såleis ikkje nok, og heller ikkje lause tilstellingar som vert tekne bort frå tid til tid. Ein rett til å fiska laks med kilenot kan såleis ikkje hevdast, for kilenotreiskapen står ute berre i fiskesesongen (Rt-1917-4). Derimot kan det hevdast rett til å fiska med sitjenot, for lakseverpa der fiskaren sit og følgjer med når fisken går i nota, er ei fast tilstelling som står ute heile året”.

Bruksretter som ikke viser seg ved en fast tilstelling, kan ikke hevdes etter vanlige regler. Hevd av bruksrett forutsetter at rette eier skal kunne se og da eventuelt kunne gripe inn i bruken. Det er et unntak fra kravet om synbarhet der det dreier seg om ”rett til naudsynt veg eller opplagsplass”, eller hvor bruken har vært utøvet i 50 år.

Avbruddsreglen i hevdsloven § 6 annet ledd får også betydning ved brukshevd. Det fremgår av forarbeidene at ikke-utøvelse av rådigheten, ikke er det samme som å tape rådigheten. Skal hevdsloven § 6 annet ledd få anvendelse, må det være noe som hindrer bruken, for eksempel at et beiteområde inngjerdes eller at en vei stenges. Dersom bruken stanses for mer enn to år avbrytes hevdstiden.