En arving kan tape sin legalarverett eller arverett etter testament dersom man begår en alvorlig forbrytelse mot avdøde som han dør av etter arveloven § 73:

”§ 73. Blir nokon dømd til fengselsstraff utan vilkår for straffebrot mot den han skulle arve, og arvelataren døyr på grunn av handlinga, kan arveretten til den skyldige heilt eller delvis falle bort.

Blir nokon dømd til fengselsstraff utan vilkår for straffebrot mot arving etter arvelataren som han sjølv har eller kan få arverett etter, og arvingen døyr på grunn av handlinga, kan arveretten til den skyldige heilt eller delvis falle bort. Det same gjeld når nokon blir dømd til fengselsstraff utan vilkår for straffebrot som er årsak til at eit barn som er avla, ikkje blir født levande, og barnet hadde hatt betre eller like god arverett som gjerningsmannen.

Retten skal ta avgjerd om tap av arverett etter første og andre ledd i dom. Krav om bortfall av arverett kan setjast fram av kvar den som får rett til arv eller større arv dersom kravet blir godtatt. I offentleg straffesak om handlinga kan dessutan påtalemakta setje fram slikt krav, og retten kan av eige tiltak ta avgjerd om bortfall av arverett, jamvel om det ikkje er sett fram krav om det.

Blir nokon fråkjend rett til arv etter reglane framanfor, skal arven gå som om han var død før arven fall.

Reglane i denne paragrafen er ikkje til hinder for at arveretten blir gitt tilbake med testament. Men slikt testament gjeld berre når det er stadfest av Kongen”.

© Advokatfirmaet RUV (Org nr.: 996 276 155)