Grensene trekkes på samme måte som i vassdrag, men det er middels høy vannstand som er utgangspunktet. Holmer eller skjær ligger til den eiendom som eier sjøgrunnen.

I forhold til hvor eiendomsgrensen går i forhold til nabo med strandeiendom, ble det sagt følgende i NOU 1988:16 side 24:

”Reglane for grannegrenser i sjøen er ikkje lovfesta. Det har her vore hevda ulike løysingar. Gjelsvik meinte grensa måtte dragast vinkelrett på strandlina, Norsk Tingsrett s. 38. I rettspraksis er døme på at grensa ut i sjøen er trekt som eit framhald av grensa på land. Det er likevel klårt at begge desse reglane ville kunne føra til uheldige resultat. I rettspraksis har ein tidleg kome til at dei same omsyn som ligg bak regelen i vassdragslova § 4 også gjer seg gjeldande for sjøområdet. Såleis er det alt i Rt-1878-782 (Lille Damsgård) klårt slått fast at grensa skal dragast som ei midtline mellom eigedomane, slik at kvart punkt på botnen tilhøyrer den eigedomen det ligg nærast. Ein viktig skilnad er likevel at grensedraginga i sjø skjer ut frå vanleg høg vasstand, medan grensedraginga i vassdrag skjer ut frå strandprofilen ved vanleg låg vasstand. Dette har samanheng med at grunnen under flomålet er overstrøymt av sjø to gonger i døgnet og såleis for praktiske føremål må reknast som sjø, medan flaum i vassdrag skjer ein til to gonger i året, slik at det arealet som då vert sett under vatn, elles kan utnyttast som land. - Sjå nærare Nygard: Ting og rettar s. 125 og Falkanger: Tingsrettslige arbeider s. 47-48”.

For holmer og skjær i sjøen ble det sagt følgende i NOU 1988:16 side 25:

”Mellom eigedomar på same strandside vil spørsmålet om eigedomsretten til holmar og Side 25 skjer i utgangspunktet måtte løysast etter dei vanlege reglane for fastlegging av grannegrenser mellom eigedomar på same strandside. Dersom holmen eller skjeret ligg innanfor den eine eigedomen sin sektor vil den tilhøyra vedkomande eigedom. I Rt-1878-782 (Lille Damsgård) vart såleis sett bort ifrå to små holmar som « ikke kunde tillegges nogen særskilt sjøgrundsret ». Dersom midtlina etter strandprofilen på land skjer tvers over ein holme eller eit skjer kan det likevel vera spørsmål om ein skal la holmen eller skjeret fullt ut tilfalla den eine. Det vil ofte vera lite rasjonelt å dela ein mindre holme eller eit skjer i to. Dersom den eine berre får ein liten « snipp » av holmen kan det vera at ein etter gjeldande rett ville koma til at holmen fullt ut måtte tilliggja den eigedomen som eig det meste av den. Spørsmålet må avgjerast ut frå storleiken av holmen, kva slag bruk som kan vera aktuell og om den eigedomen som eventuelt får den minste delen kan ha noko nytte av den. Det kan vera situasjonar der ein må fråvika denne regelen dersom det på bakgrunn av avstand, djupnetilhøve eller strandformasjonar verkar mest naturleg at holmen tilhøyrer den andre eigedomen. Mellom eigedomar på kvar si side av ein fjord eller ein våg vil løysinga avhenga av om holmen ligg innanfor eller utanfor den allmenne eigedomsgrensa. Dersom holmen eller skjeret ligg innanfor det området som er underlagt privat eigedomsrett, og det mellom holmen og eigedomen på motsett side er eit område som ikkje er underlagt privat eigedomsrett, må det vera klårt at holmen eller skjeret ligg til den eigedomen som eig sjøgrunnen. Dette fylgjer av dei vanlege reglane for eigedomsrett til sjøgrunnen. Dersom heile sundet eller vågen er underlagt eigedomsrett må hovudregelen om at grensa mellom eigedomane på kvar side går der det er djupast, føra til at holmen vert tillagt den eigedomen som den nærast er eit framhald av, sjølv om dette ikkje treng vera den landsida som ligg nærast holmen. Problemet er størst der holmen eller skjeret ligg utanfor det området som er underlagt privat eigedomsrett. Også i dette tilfellet vil det normalt vera privat eigedomsrett til holmen eller skjeret, sjå likevel s. 54-56 nedandfor om dei « ytre allmenningar » og staten sin rett til desse. Spørsmålet må vera kva for ein av dei eigedomane som ligg inntil som skal ha eigedomsrett til holmen eller skjeret, sjølv om den altså ikkje eig området mellom land og holmen. pgså her synest det å vera grunn til å leggja hovudvekta på botnprofilen, slik at holmen tilhøyrer den landside som den nærast er eit framhald av. Det vil likevel i mange tilfelle også vera grunn til å leggja vekt på avstanden til land på kvar side og i ein viss mon djupnetilhøva på kvar side av holmen”.

Sivillovutvalget lagde i NOU 1988:16 utkast til bestemmelsene §§ 7 og 8 som angir nabogrensene mellom to eiendommer som har grenser mot sjø. Bestemmelsene er ikke gitt som formell lov, men kan gi en viss veiledning for reglene, da de bygger på en oppsummering og forenkling av regler fra ulovfestet rett:

”§ 7 Når eigedomar på kvar si side av sund eller våg i sjøen møtest med kvarandre, går grensa mellom dei der det er djupast.

Føresegnene i § 5 andre og tredje stykke gjeld til varande, men såleis at breidda vert rekna frå strandkanten ved vanleg flo sjø.

§ 8 Mellom eigedomar på same strandside går grensa utetter i vatn eller sjø såleis at ho er like langt frå næraste strandkant på kvar eigedom. Strandkanten skal fastleggjast i samsvar med føresegnene i § 5 tredje stykke og § 7 andre stykke.

Utanfor elvos går grensa i samsvar med føresegnene i § 5”.

© Advokatfirmaet RUV (Org nr.: 996 276 155)