Utgangspunktet i norsk tingsrett er at eiendomsretten i saltvann går ut til marbakken, dvs. det område i sjøen hvor bunnen begynner å falle sterkt, der det blir brådypt, jf. Rt. 1889 s. 633 ”Det er som bekjendt en almindelig Mening, at Grundeierens Raadighed over Havbunden ophører ved Marbakken, hvor saadan findes”. Der det i stedet er langgrunt trekkes grensen ved to meters dyp målt ved middels lav vannstand. Tometersreglen er i dag subsidiær. Dersom det er brådypt helt inne ved land skal eiendomsgrensen etter alminnelig oppfatning trekkes slik at eieren får en rådighet tilsvarende det marbakkelinjen ville gitt. Det blir opp til rettspraksis å trekke opp grensene i disse tilfellene. Eieren av et landområde ved sjøen har rett til å utnytte de ressurser som finnes i sjøen frem til marbakken eller to meters dyp og på landområdene som ligger til sjøen. Men også utenfor denne grensen har strandeieren en rekke beføyelser, for eksempel til tareforekomster. Slike rettigheter som strekker seg utenfor de nevnte grenser, kalles for strandretten.

Imidlertid gjelder ikke regelen om marbakken i alle tilfeller, eksempelvis der det er langgrunt og ikke finnes noen klart definert marbakke i sjøbunnen, og i enkelte tilfeller er det benyttet en regel på 2 meters dyp og i andre tilfeller 5 meters dyp. Hvor yttergrensen til eiendom går i sjøen er regnet som et av de mest uavklarte spørsmål i norsk rett, og rettspraksis bygger stort sett på en konkret vurdering av der det er naturlig å anse eiendommen som opphørt. I NOU 1988:16 side 27 og 28 ble det nevnt en del eksempler på tilfeller hvor regelen om marbakken ikke fikk anvendelse:

”Marbakken er der det vert brådjupt eit stykke frå land. I domen i Rt-1915-104 uttalte Høgsterett klårt at ei skråning på 1:2,5 var å rekna for marbakke. Det vart lagt til grunn at grensa går langs øvre kanten av marbakken. I praksis er det ikkje alltid nokon klår marbakke. I slike og andre tilfelle der botnprofilen ikkje gjev noko sikkert haldepunkt, har ein i ein del tilfelle falle attende på ein regel om at grensa går ved 2 meters djup, i samsvar med Helland og Scheel si lære. Rt 1923 II s. 48 er blitt påberopt som grunnlag for ein to meters regel. Domen gjaldt spørsmålet om ein strandeigar ved Store Lungegårdsvann i Bergen hadde krav på oreigningsvederlag for tapt utfyllingsrett utanfor 2 meters djup ved at hamnevesenet overtok eigedomen. Svaret på dette vart nei. Fyrstvoterande byggjer både på at eigedomsgrensa går ved 2 meters djup, og på at grunneigar i ei byhavn må finna seg i regulering av utfyllingsretten utan krav på skadebot. I dette får han støtte frå ein domar (Lie). Andre voterande (Motzfeldt) er den einaste som meiner at strandeigaren hadde krav på skadebot. Hanssen uttalar at han « anser det for ufornødent » å ta standpunkt til spørsmålet om grensene for strandeigaren sin eigedomsrett « i sin almindelighet ». I dette får han direkte støtte av to domarar 1 (Gjessing og Scheel) og også assessor Hazeland må oppfattast slik at han støttar Hanssen på dette punktet. M.a.o. unnlet 5 av domarane å ta standpunkt til 2 meters regelen. Det samlande grunnlaget for å nekta oreigningsvederlag i dette tilfellet synest såleis å vera at strandeigaren utan vederlag må finna seg i at det offentlege gjennom hamnelovgjeving Side 28

og vedtak i samsvar med den, avskjer retten til utfylling. I Rt-1927-248 la derimot Høgsterett til grunn at eigedomsgrensa gjekk ved 2 meters djup. Også dette er ein dom om det indre hamneområdet i Bergen, og gjeld spørsmålet om kva det skulle betalast oreigningsvederlag for, ved oreigning av eigedomar som grensa til sjøen. Sjøgrunnen utanfor dei aktuelle eigedomane skråna her jamnt utover til omlag 5 meters djup. Vidare utover var sjøgrunnen flat. Strandeigaren påberopte seg ei oppmålingsforretning frå 1788 og skøyte frå same år på eigedomen « med hosliggende Marebakke », men nådde ikkje fram. Ein kunne ikkje rekna ei slik jamn skråning for marbakke, og ein måtte i tilfelle ha lagt grensa der marbakken slutta. I Rt-1961-1114 er det uttalt at vanleg grense i Bergen hamn er 2,5 meter fordi det er høve for strandeigarane å fylla ut til denne djupna utan særskilt løyve frå hamnestyresmaktene. (Sjå nærare om denne domen nedanfor). Også i seinare underrettspraksis er det lagt til grunn at eigedomsgrensa i Bergen hamn går ved 2,5 m. I Rt-1969-613 som gjeld Harstad hamn, la ein til grunn at det offentlege kunne oreigna eigedomen utan at det var krav på oreigningsvederlag for utfyllingsretten utanfor 2 meters-koten, som var grensa for kor langt ut strandeigaren kunne foreta utfylling utan særskilt løyve frå hamnestyre”.

Sivillovutvalget har i sitt utkast til § 13 i NOU 1988:16 forsøkt å lage en regel som oppsummerer rettspraksis, og en viss veiledning kan hentes fra bestemmelsen, selv om den aldri ble gitt som formell lov:

Ӥ 13

Mot sjøen eig strandeigaren 30 meter utetter frå strandkanten og minst ut 2 meter djupne, alt rekna ved vanleg fjøre sjø.

Strandeigarin eig likevel ut til marbakken, om den ligg lenger ute. Marbakken er kanten der botnen brått skrånar ned mot djupet. Skrånar botnen mindre enn 1 på 5, er det ikkje rekna for marbakke”.

© Advokatfirmaet RUV (Org nr.: 996 276 155)