Grunneieren kan utnytte luftrommet over eiendommen, men hensynet i forhold til naboer kan sette vesentlige skranker for utnyttelsen, jf. eksempelvis naboloven § 2. Eiendomsretten går så langt det er mulig å utnytte luftrommet med byggverk eller innretninger fra bakken. Grunneieren kan hindre andre i å utnytte luftrommet, selv om det bare er kortvarig bruk, jf. RG 1984 s.742 hvor motvektsarmen på en byggekran svingte inn på naboeiendommen. Imidlertid går det en grense for hva en grunneier kan motsette seg, for eksempel overflygninger i flere hundre meters høyde.

I NOU 1988:36 side 36 er det sagt følgende om retten til luftrommet:

”Eigedomsretten til grunn må også omfatta retten til luftromet over eigedomen. Det er klårt at eigaren har eineretten til å reisa byggverk o.l. over sin eigedom. Grannelova § 11 forutset at det ikkje er høve til å byggja inn over grensa til granneeigedom. Det kan reisast spørsmål om dette gjeld same kor høgt oppe bygginga skjer. Utgangspunktet må vera at det ikkje er høve til å byggja inn over ein granneeigedom. Dersom eigedomane ligg nokonlunde i same planet vil det alltid kunne vera aktuelt å byggja like høgt på begge eigedomane. Sjølv om grannen ikkje sjølv har interesse av å byggja like høgt, kan han likevel ha interesse i at ikkje andre byggjer eller plasserar innretningar over hans eigedom. Det kan vera at tilstellinga stengjer for sollys m.m., RG-1982-487 (Nordhordland) eller medfører fare, RG-1984-742 (Eidsvoll). Etter gjeldande rett synest regelen å vera at ein ikkje har rett til plassering av permanente innretningar over granneeigedom, sjølv om det ikkje kan påvisast konkrete og aktuelle ulemper eller skadeverknader av dette. Det er innført heimel for oreigning av rett til å byggja taubanar og løypestrengar i lov 14. juni 1912 nr. 1 § 7 og § 8, lov 9. juni 1903 nr. 10 om telefonlinjer og kraftliner etter oreigningslova § 2 nr. 19. I dom av Nedenes heradsrett 9. mars 1972, (utrykt) fekk saksøkjaren (Fløystad) medhald i at Grand Hotell måtte fjerna bokstavar som var festa til husveggen, som stod i grenselina mellom eigedomane. Bokstavane var 5-6 cm tjukke og gjekk over 3 etasjar på hotellet. Hotellet gjorde gjeldande at Fløystad ikkje hadde noko interesse i å krevja bokstavane fjerna. Retten la til grunn at det var tale om ei krenkjing av eigedomsgrensa, og dette trong han ikkje finna seg i. Når hans eigedomsgrense var krenka trong han ikkje påvisa nokon grunn til å motsetja seg dette. « Det er ikke spørsmål om saksøkeren har rett til å nekte inngrepet, men om saksøkte har rett til å foreta inngrepet. » I orskurd av Eidsvoll namsrett, innteken i RG-1984-742, vart ein entreprenør pålagt å fjerna ei byggekran som kom inn over ein granneeigedom omlag 20 meter over hustaket. Her hang det ei motvekt i form av ein betongkloss på 4 tonn. Retten la til grunn at eigedomsretten strekker seg så langt opp som « den har praktisk betydning og grunneieren har reell interesse. Så nøyt som det; er praktisk mulig å utnytte eiendomen må eiendomsretten som hovedregel strekke seg.» Grunneigaren måtte vera verna mot inntrengjarar så høgt opp som det er « praktisk mulig a trenge seg inn og forvolde utvilsom fare, ulempe eller sjenanse. » Derimot vil eigaren utan tvil måtte finna seg i overflygingar av luftfarty. Ein kan vel seia at eigaren har retten til luftromet så langt det er mogeleg å utnytta dette med byggverk eller tilstellingar frå bakken. Han måtte også kunne protestera mot til dømes eit ballongluftfarty som vert « parkert » på granneeigedom og ligg innover hans eigedom. Slikt er vel lite aktuelt i dag. Det kan og reisast spørsmål om grunneigaren treng finna seg i stadige overflyging av hangglidarar o.l. til dømes frå ein treningsstad i nærleiken”.

Det er her vanskelig å angi noen generell regel for hvor langt opp grunneiers rettigheter gjelder. Selv om hvert tilfelle alltid må vurderes konkret, kan man kanskje få en viss veiledning om utgangspunktet i ulovfestet rett fra Sivillovutvalgets utkast til angivelse av yttergrense for luftrommet i utkastet § 24 i NOU 1988:16, som ikke ble gitt som formell lov:

Ӥ 24

Grunneigaren eig så langt opp i luftromet som han har interesse av å gjera eigedomsrett gjeldande.

Leidningar og andre innretningar som står på eller har feste på grunnen, må ikkje koma inn over grunn som andre eig”.

© Advokatfirmaet RUV (Org nr.: 996 276 155)