Fast eiendom vil ikke fortsette ubegrenset ut i sjø eller opp i luften eller ned i bakken. Fast eiendom har yttergrenser oppad i luften og nedad i undergrunnen, og ut i sjø, vassdrag og innsjø mv., der grunneiers rett til eiendommen opphører uten å tilgrense områder som er underlagt privat eiendomsrett. Slike grenser kalles for eiendommens yttergrenser, ettersom de angir hvor eiendommen opphører å gjelde rettslig sett der hvor eiendommen ikke avgrenses av en annen fast eiendom gjennom nabogrense. En nabogrense er en eiendomsgrense mot en annen eiendom, der det er den andre eiendommens grense som angir hvor eiendommen slutter. En nærmere redegjørelse av forskjellen på nabogrense og yttergrense er gitt i NOU 1988:16 side 15 og 16:

”Ovanfor er brukt omgrepa grannegrenser og yttergrenser. Det kan vera grunn til å seia noko nærare kva som ligg i desse omgrepa. Der ein eigedom er omgjeven av grunn som er underlagt privat eigedomsrett, vert det tale om å dra grannegrenser (også kalla mellomgrenser) mot desse eigedomane. I denne relasjonen vil det avgjerande vera kor ein kjem til at grensa mellom dei aktuelle eigedomane etter det som ligg føre, har vore dregen på rettsleg bindande måte. Når ein eigedom skal avgrensast mot område som ikkje er underlagt privat eigedomsrett, som sjøområdet og offentlege midtstykke som etter rettspraksis finst i nokre store innsjøar, vert det avgjerande for grensedraginga kor langt ein etter allmenne reglar reknar med at privat eigedomsrett går. Det same gjeld grensene for eigaren sin rett nedetter i undergrunnen og oppover i luftromet. Slike grenser mot område som ikkje er underlagt privat eigedomsrett vert gjerne kalla yttergrenser, jf. Nygard: Ting og rettar s. 125 ff. Ein kan gjerne seia at det her er tale om å dra grense mellom areal som er underlagt privat eigedomsrett og areal som er underlagt andre rettsreglar, som til dømes sjøgrunnen. Dette spørsmålet er i Side 16 utgangspunktet regulert i allmenne rettsreglar, og avheng ikkje av særskilte rettsskipingar. Kjeldegrunnlaget for å ta stilling til spørsmålet om yttergrensa for eigedomar mot sjøområdet eller større innsjøar vert såleis oftast eit anna enn der ein skal finna fram til grannegrenser på land. Grannegrenser i vassdrag og i sjø er derimot i hovudsak regulert i allmenne reglar. For vassdrag er reglane lovfesta i vassdragslova § 2 - § 4”.

© Advokatfirmaet RUV (Org nr.: 996 276 155)