Alle faste eiendommer skal matrikuleres. Matrikulering innebærer at eiendommen blir tildelt et gårdnummer og bruksnummer (og eventuelt seksjonsnummer eller), slik at den kan identifiseres. I Norge blir eiendommene inndelt kommunevis med et gårdsnummer og et bruksnummer. En eiendom omtales som et matrikkelnummer. Matrikuleringen, dvs. når en ny eiendom blir tildelt et nytt matrikkelnummer, blir foretatt av oppmålingsmyndigheten i kommunen. Hver kommune er inndelt i et visst antall gårdsnummer. Hvert gårdsnummer er inndelt i bruksnummer. Eiendommer får tildelt bruksnummer av kommunen i stigende rekkefølge etter hvert som de skilles ut. For at hver enkelt eiendom skal ha et unikt nummer, tilføyes også kommunenummeret før selve matrikkelnummeret. En eiendom betegnes derfor korrekt med kommunenummer (knr), gårdsnummer (gnr) og bruksnummer (bnr). I tillegg kan det være festenummer (fnr) eller seksjonsnummer (snr) avhengig av om eiendommen er utskilt som festet grunn eller at eiendommen er seksjonert etter seksjoneringsloven – typisk ved leiligheter, flermannsboliger mv.

Matrikkellovens formål er å sikre ”tilgang til viktige eigedomsopplysningar, ved at det blir ført eit einsarta og påliteleg register (matrikkelen) over alle faste eigedommar i landet, og at grenser og eigedomsforhold blir klarlagde”, jf. matrikkeloven § 1.

Matrikkelen er vårt lands offisielle register over fast eiendom. Registeret består av to deler, en matrikkelbok og et matrikkelkart. Hver matrikkelenhet skal inneholde opplysninger ”som er nødvendig for planlegging, utbygging, bruk og vern av fast eigedom, under dette offisielle nemningar og opplysningar om den enkelte bygning, bustad og adresse”.

Matrikkelloven operer med fem typer matrikkelenheter; grunneiendom, anleggseiendom, eierseksjon, jordsameie og festegrunn, jf matrikkelloven § 3b jf. § 5.

Systemet med inndeling av fast eiendom i matrikler er nærmere beskrevet i NOU 1988:16 side 14 og 15:

”Størstedelen av grunnarealet i Noreg er registrert og identifisert slik at kvar eigedomseining er tildelt eige gards- og bruksnummer. Dette gjer det mogeleg å registrera rettstiftingar og andre tilhøve ved eigedomen. Registreringsordninga er likevel ikkje gjennomført for Svalbard og Jan Mayen eller dei norske bilanda. Vår fyrste matrikkel fekk vi med heimel i reskript av 23. januar i 1665. Denne matrikkelen bygde delvis på tidlegare skattelister (jordebøker). Føremålet var fyrst og fremst ei registrering av faste eigedomar til bruk i skattlegginga. Denne matrikkelen er seinare avløyst av den nye matrikkelen som har grunnlag i lov 17. august 1818, gjennomført ved lov 17. desember 1836. Den vart revidert med heimel i lov 6. juni 1863. Etter denne matrikkelen vart alle eigedomar på landet identifiserte ved gårdsnummer, bruksnummer og kommune. For Finnmark fylke og for byane nytta ein andre nemningar. Ved vedtakinga av delingslova i 1978 vart matrikkellovgjevinga oppheva og ein innførte heimel for oppretting av eit nytt eigedomsregister og kartverk. Sjå også St.meld.nr.25 (1977-1978) om oppretting av eit nytt grunn-og eigedomsregister. Det omfattar også byane og Finnmark. Det er oppmålingsstyresmakta i den einskilde kommunen som tildeler registernemning, delingslova § 4-1, jf. forskrift 19. oktober 1979 nr. 4, § 13. Tinglysingssystemet byggjer på eigedomsregisteret. Ved at kvar eigedom med eige bruksnummer er gjeve eit eige blad i grunnboka er det mogeleg å registrera alle overføringar eller andre rettsstiftingar i eigedomen. Tinglysingslovutvalet uttalar at ein med registereininga (bruksnummeret) sikter til « en geografisk avgrenset del av jordoverflaten som er gitt egen gards og bruksnummerbetegnelse », NOU 1982:17 s. 27. Grunnboka eller dei tinglyste dokumenta gjev likevel ikkje alltid opplysningar om kor grensa for eigedomen går. Dei opplysningane som måtte vera gjevne om den geografiske utstrekninga av eigedomen går heller ikkje inn under « grunnbokens positive troverdighet » etter tinglysingslova § 27, og gjev såleis ikkje grunnlag for rettsvinning i god tru.Det kan vera naturleg å ta utgangspunkt i registereiningane når ein skal definera kva som er ein eigedom. Dette er også vanleg i praksis. Sjå eigedomsutvalet si tilråding i NOU 1981:5 s. 22 der ein reknar som ein eigedom eller ei eigedomseining « den fysisk avgrensede enhet som i grunnbok eller annet eiendomsregister er gitt eget gards- og bruksnummer, eventuelt annen registerbetegnelse ». Det kan likevel oppstå spørsmål om å dra grenser for grunnareal som ikkje er registrert som eigen eigedom. Mest aktuelt er vel dette i tilfelle der det oppstår usemje mellom partane om kva område som var omfatta av ein avtale om kjøp av ein del av ein eigedom. Dersom avtalen er inngått utan at det er gjeve løyve til frådeling frå dei kompetente styresmaktene, vil det kunne oppstå vanskar dersom søknad om samtykke til frådeling vert avslått når spørsmålet kjem opp. Det kan også oppstå grensespørsmål mellom grunn som ligg i sameige mellom bruk og grunn som høyrer til dei bruka som grensar inntil. Sameigepartane vil her vera matrikulerte på det einskilde bruket, men det må likevel dragast grense mellom det arealet som tilhøyrer dei einskilde bruka som eineeige og det som ligg i sameige mellom dei. Eigedomsgrensespørsmål kan såleis oppstå utan at det er sjølvstendige, registrerte eigedomseiningar på begge sider. I tillegg vil det som nemnt vera bruk for grensedraging for andre rettar til fast eigedom enn eigedomsrett. Slike rettar kan vera registrerte som hefte på den eigedomen dei kviler på, men vil ofte berre omfatta delar av eigedomen. For festerettar er det vanleg å oppretta eige grunnboksblad, slik at desse framstår som ei eiga registereining med eige løpenummer under det bruket dei kviler på, tingslysingsforskriftene § 14 tredje ledd, andre punktum, jf. § 17. Også for sameigepartar og andre rettar til fast eigedom kan det opprettast eige grunnboksblad, tinglysingforskriftene § 14 tredje leden, tredje og fjerde punktum. Kva rettshøve som gjeld for eigedomen vert ikkje avgjort ved grensedraginga. Det grensespørsmålet gjeld er kor stort areal som vert omfatta av eigedomseininga og såleis vert omfatta av dei rettshøve som gjeld for denne eigedomseininga”.

© Advokatfirmaet RUV (Org nr.: 996 276 155)