For forsinkelse er hjemmelen for selgers erstatningsansvar avhendingsloven § 4-5. Bestemmelsen tilsvarer hjemmelen for mangler etter kontrollansvaret i avhendingsloven § 4-14, og det vises til det som er skrevet om kontrollansvaret ved mangler ovenfor, som får tilsvarende anvendelse.

Avhendingsloven § 4-5 har følgende ordlyd:

“§ 4-5. Skadebot (1) For anna enn indirekte tap som nemnt i § 7-1, kan kjøparen krevje skadebot på grunn av forseinkinga utan at det ligg føre skyld på seljarens side. Dette gjeld likevel ikkje så langt seljaren godtgjer at forseinkinga oppstod på grunn av ei hindring utanfor seljarens kontroll, og det ikkje er rimeleg å vente at seljaren kunne ha rekna med hindringa på avtaletida, eller at seljaren kunne ha overvunne eller unngått følgjene av hindringa. (2) Ligg årsaka til forseinkinga hos ein tredjeperson som seljaren har gitt i oppdrag heilt eller delvis å oppfylle avtala, er seljaren ansvarsfri berre om tredjepersonen og ville vere ansvarsfri etter føresegnene i fyrste ledd. (3) Seljaren er fri for ansvar så lenge hindringa varer. Fell hindringa bort, kan ansvar gjerast gjeldande frå då av dersom seljaren framleis plikter å oppfylle men ikkje gjer det. (4) Dersom forseinkinga eller tapet har årsak i skyld på seljarens side, kan kjøparen krevje skadebot både for direkte og indirekte tap”.

Regelen er sammenfallende med kontrollansvaret for mangler, og det er sagt følgende om erstatning for forsinkelse etter kontrollansvaret i Ot. prp. nr. 66 (1990-91) s. 100 og 101:

“Hovudregelen følgjer av fyrste ledd fyrste punktum. Etter framlegget kan kjøparen krevje skadebot for tap som forseinkinga frå seljarens side fører med seg. Dette gjeld utan omsyn til om det ligg føre skyld på seljarens side. Her er det likevel ei viktig avgrensing, i det dette berre gjeld i høve til andre tap kjøparen måtte ha enn slike indirekte tap som følgjer av §7-1 andre ledd. Når det gjeld kva som vert rekna som indirekte tap, viser departementet til lovutkastet §7-1 med særmerknader. Ligg det derimot føre skyld på seljarens side, kan kjøpare også krevje skadebot for indirekte tap dersom vilkåra for øvrig er tilstades (årsakssamanheng og økonomisk tap m.v), sjå fjerde ledd og omtala av dette. §4-5 er på dette punktet noko annleis utforma enn tilsvarande føresegner i lausøyrekjøpslova og handverkartenestelova, utan at det er meininga at dette skal innebere nokon realitetsskilnad. Det same som er sagt i framlegget til §4-4 fyrste ledd fyrste punktum følgjer t d av lausøyrekjøpslova §27 fyrste ledd, jf fjerde ledd fyrste punktum. Etter fyrste ledd vil seljaren ikkje berre vere ansvarleg for tap som følgje av eigne handlingar, men og ansvar for tap som følgje av handlingar gjort av tilsette eller andre seljaren måtte nytte i samband med salet. Ansvaret for desse vil likevel etter fyrste ledd vere avgrensa til å gjelde tap som har årsak i handlingar (eller konsekvensane av desse) som kan seiast å liggje innanfor seljarens kontroll. Om ansvaret for andre tredjemenn kjøparen måtte nytte i samband med oppfylling av avtala, sjå andre ledd. Plikta til å svare skadebot etter fyrste punktum gjeld ikkje der forseinkinga har si årsak i hindring som ligg utanfor seljaren sin kontroll, og som seljaren ikkje kunne rekne med på avtaletida, eller unngå eller overvinne følgjene av, jf andre punktum. Det følgjer av dette at seljaren kan verte fri for ansvar dersom det ligg føre ei hindring”.

© Advokatfirmaet RUV (Org nr.: 996 276 155)